Nordlys over Skånevik
Sjå biletserie av nordlyset.
I helga kunne ein sjå nordlys fleire stader i distriktet. Hans Magne Nesbø var på hyttetur i Skånevik og deler bilete han tok av nordlyset der.
Nordlys oppstår når store mengder elektriske partiklar (elektroner) med stor fart kjem inn mot jorda langs magnetfeltet og kolliderer med dei øvre laga av atmosfæren. Gassen vil då lysa. Fenomenet kan observerast på nattehimmelen i eit belte rundt dei magnetiske polane. Det latinske namnet på nordlys er aurora borealis. Det same lysfenomenet blir kalla sydlys, eller aurora australis, når det opptrer på den sørlige halvkula, og ei samnemning på begge er polarlys. (Kjelde: Store norske leksikon/Wikipedia)