Forfattar Agnes Ravatn har vunne bokbloggarprisen.Arkivoto: Grethe Hopland Ravn
Nominert til Riverton-prisen
Det er Samlaget, forlaget til forfattaren frå Ølen som melder om nominasjonen. Boka fekk svært gode meldingar og låg på bestseljarlista i fleire veker.
Om Dei sju dørene: Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.
Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøsta opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.