Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Når ølet er ferdig gjæra, er det oppskoke – fest og smaking.
Statsministeren manar til at festglade folk tek ein pause frå å feste.

Korona-viruset

— No må det vera slutt på festane

Publisert Sist oppdatert

Den nasjonale skjenkestoppen blir sett i verk ved midnatt natt til laurdag 7. november, opplyste statsminister Erna Solberg (H) i orienteringa si for Stortinget torsdag.

Nasjonal skjenkestopp ved midnatt var regelen fram til 13. oktober. Tiltaket vart erstatta med at kommunane vart bedne om å vurdere behovet for lokale tiltak.

Slutt på festar

Utelivsbransjen har kritisert tidleg skjenkestopp for å føre til fleire private festar. Men Solberg seier folk no må slutte å feste.

– No må det vere slutt på festane for ein periode, seier Solberg.

Med innsleppstopp etter klokka 22 vil det òg bli færre som går frå stad til stad seint på kveld, ifølgje Solberg.

– Tidleg skjenkestopp vil redusere tilgangen til alkohol og dermed stader der folk kan møtast i rusa tilstand, seier Solberg.

Arrangement og samankomstar

Innstrammingane kjem som følgje av at fleire smitteutbrot kan knytast spesielt til private samankomstar.

Regjeringa set no ei grense på 20 personar ved private samankomstar på offentlege stader og i leigde lokale.

På arrangement innandørs der ikkje alle sit på fastmonterte sete, kan ein vere maksimalt 50 personar.

På arrangement innandørs der alle i publikum sit på fastmonterte sete, er grensa framleis 200, seier Solberg.

Innstrammingane for arrangement gjeld frå midnatt natt til måndag 9. november.

Powered by Labrador CMS