No kan du bli med Atle Berge til Kina
Tidlegare leiar og eigar av Ølen Betong, Atle Berge, har tatt initiativ til ein kombinert studietur og fredstur til Kina der ei tre vekers lang rundreise skal føregå med lyntog.
— Hovudtema blir lyntog. Me skal reisa med tog i Kina, og besøkja selskap som byggjer tog og lagar jernbanelinjer, seier Atle Berge som i midten av mai set seg på flyet mot folkerepublikken i aust.
Som medarrangør for den store Kina-reisa har han Tore Nærland frå organisasjonen Bike for Peace. Jærbuen grunnla Bike for Peace i 1977 og har sidan den gong reist over heile verda for å jobba for ei fredelegare verd. Saman vil dei kombinera studieturen med fredsarbeid.
— Dette skal også vera ein liten fredstur, seier Berge.
Rundreise
I tillegg til å besøkja selskap som driv med jernbane vil reisefølget setja av tid til å besøkja universitet innan landbruk, delta på ulike kulturaktivitetar og besøkja fredsorganisasjonar.
Kinareiser står som reiseoperatør for den store rundreisa, og etter nokre dagar i Beijing går turen med lyntog til Xian for mellom anna å sjå den berømte Terrakottahæren. Vidare går reisa til industri-og kulturbyen Chengdu og handels-og industribyen Kunming, før turen endar i Hong Kong.
— Me skal reisa over heile Kina, seier Berge, som til dagleg eig og driv ein betongfabrikk i Russland.
Så langt har 15 personar meldt seg på rundreisa, men arrangøren håpar minst 20 personar vil bli med på den kombinerte guida turen der det også vil bli mogleg for deltakarane å ta seg ein sykkeltur om det er ønskjeleg.
Bike for Peace
Bike for Peace er ein norskbasert fredsorganisasjon som jobbar med å arrangera fredsritt på sykkel over heile verda. Målet er å engasjera folk til å jobba aktivt for fred og kjempa for at verda skal bli fri for atomvåpen.
— Me må få slutt på krigar. Eg har jobba for fredsforhandlingar på global basis og har reist over heile verda. Eg starta Bike for Peace i 1977 og har hatt dette som jobb sidan 1994. Eg reiser rundt og held føredrag, seier Tore Nærland og set pris på at Berge tok initiativ til denne rundreisa.
— Eg set pris på å reisa med Atle. Han er ein flink kar. Nå håpar me å få med fleire frå Vindafjord, seier han.
Nærland har hatt nesten 60 turar til Kina opp gjennom åra, og kan ikkje få skryta nok over folket som bur i det vidstrakte landet.
— Kinesarane er hyggelege og imøtekomande, seier han.
Han lovar å dela eit eventuelt overskot frå turen med folk som treng litt ekstra støtte.
— I utgangspunktet skal turen gå i balanse, men finn me gode prosjekt vil me støtta det, seier han.