No er dei endeleg fullt lag
Veterinærane Anne Cecilie Berentsen (55) og Ellen Elise Prytz (66) gler seg over å ha fått to nye kolleger.
Ledige veterinær-stillingar har til tider vore dekka av vikarar og veterinærar utan langtidsperspektiv i distriktet, men i januar kom Charlotte Eikeskog Ravnås (31), og no i september Johanna Mortensen (27), som nye tilskot.
Dei fire veterinærane er sjølvstendig næringsdrivande med vaktkontrakt med Vindafjord kommune, og dei samarbeider utanom arbeidstid med tilsvarande ordning i Etne kommune. Skjold høyrer frå gamalt av veterinærmessig til Tysvær.
— I tillegg til å køyra rundt på gardane for å behandla produksjonsdyr, hest og smådyr, samt utføra inseminering, vil me no vera i stand til å tilby heimebesøk til hundar og kattar i alle husstandar i vekene. Det er som før ein eigen smådyrvakt etter arbeidstid og i helgane ved behov for klinikkhjelp, seier Anne Cecilie Berentsen.
Kvinner
Å samla alle dei fire kvinnene ein fredag føremiddag var ikkje forventa å vera enkelt. Anne Cecilie Berentsen var til stades i starten, men måtte ut på oppdrag med ei ku som etter fødsel låg att med halve livmora utanfor kroppen. Ellen Elise Prytz hadde òg ei oppgåve ute i felt, men kom etter kvart inn til basen i Sjoargata i Ølen.
Det er tre ting som peikar seg ut når ein er i samtale med dei fire veterinærane: Ingen av dei snakkar lokal dialekt, alle fire er kvinner, og alle er oppvaksne i by eller bynære strøk.
— Det er flest kvinner på studentkulla i vår tid. Det har kanskje noko med kvinnene sin omsorgsteft å gjera, seier Johanna Mortensen.
Charlotte Eikeskog Ravnås supplerer Mortensen med at det er høge krav for å koma inn på veterinærstudiet, og at kvinner generelt er i overvekt når det gjeld å ha gode karakterar frå vidaregåande.
— Me har akademisk utdanning, men driv ikkje minst eit handverk, seier Ravnås.
Berentsen (55) er oppvaksen på Ås i Akershus, men med foreldre frå Ølensvåg og Haugesund og hytte i Vikedal, var det hyppige ferie- og familiebesøk som gjorde at ho tidleg fekk eit forhold til Haugalandet. Ho har i fleire tiår budd og vore ein sentral person innan mykje i Vikedal, ikkje minst i kommunepolitikken, så det er berre på dialekten at ho ikkje er lokal.
Ellen Elise Prytz (66) er oppvaksen i blokk i Oslo, men hadde familie i Nord-Østerdalen der ho reiste i feriane og elles når høvet baud seg. Ho har budd svært lenge i Vindafjord, og har adresse Ølensvåg.
— Eg fann ut at eg treivst best på landet med dyr og natur rundt meg. Før eg kunne søkja på veterinærstudiet i Oslo, måtte eg ha eit praksisår, og det gjorde eg hos slekta i Østerdalen. Eg var til og med to somrar på sæter i Dalsbygda, som er mest kjend som Therese Johaug si barndomsbygd, seier ho.
Livsstil
Johanna Mortensen (27) flytta med mann, barn og to hestar til Vikedalsdalen i sommar. Ho er utdanna i København og kjem frå Nordsjælland i nærleiken av Helsingør. Ho gler seg til å samkøyra ting ho har lært i Danmark med kva som er praksis i Noreg, samt jobba med produksjonsdyr som sau, som det er mindre av i Danmark.
Charlotte Eikeskog Ravnås (31) kjem frå Sola, men bur no i Ølen. Ho har veterinærutdanning både frå Noreg og Ungarn og kjem frå eit av dei første kulla som vart uteksaminerte etter at utdanninga vart flytta frå Oslo til Norges miljø- og biovitenskapelige universitet i Ås.
— Yrket blir ein livsstil som er veldig givande, men ein må ha ein pasjon for å trivast, seier ho..
Helge- og nattevakter, samt rapportering, prøvetaking og kontorarbeid, kjem i tillegg til vanleg arbeidstid.
— Så me brukar av fritida vår til å vera på jobb. Det er nokre gonger òg fysisk tungt, men det går som regel godt, og me veit aldri korleis dagen blir når me får telefonar om alt frå hund og katt til produksjonsdyr og hest, seier Charlotte Eikeskog Ravnås.
Ho og Johanna Mortensen er likevel einige om at det er ein slags livsstil, og at sjølv om det kan vera slitsamt og fysisk tungt, så er det oftast både gøy og svært meiningsfullt. Dei fire dyrlegane føler no at dei utgjer eit godt samansett team som utfyller kvarandre i forhold til tilbodet dei kan gje på heimebesøk til både hus og gardar i distriktet.