Leiar for beredskap og førebyggande i Etne brann og redning, Astrid Vestbø, oppmodar folk til å sjekka alarm og røykvarslarar 1. desember.
Foto: Etne brann og redning
— No bør du skifte batteri i røykvarslaren
Vinteren er høgsesong for bustadbrannar. I samband med at det er røykvarslardagen fredag 1. desember, oppmodar Astrid Vestbø i Etne brann og redning alle til å skifte batteri i røykvarslarane sine.
Berre i Etne kommune har det frå 1. januar 2018 og fram til i dag vore 45 brannar og branntilløp i bygningar, viser tal frå Etne brann og redning.
Fredag 1. desember er røykvarslardagen, noko Etne brann og redning markerer. I den samanheng oppmodar dei alle til å byte batter i røykvarslarane sine.
— Røykvarslaren reddar liv. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, med minst ein varslar i kvar etasje. Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når me no går inn i ei tid der et tradisjonelt oppstår mange brannar, seier leiar for beredskap og førebyggande arbeid i Astrid Vestbø.