Leverandørprisane på ein del matvarer går opp meir enn vanleg i vår.
Foto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK
No blir kaffi, mjølk og ost dyrare
Det er ulike grunner til at leverandørane i daglegvaremarknaden set opp prisane, men i år er mykje av forklaringa auka råvare- og auka transportkostnader, skriv Nationen.
Daglegvareekspert Odd Gisholt trur likevel ikkje prisane går fullt så kraftig opp i butikkane, og at det vil vere avgrensa til enkeltvarer.
— Det kan gjelde enkeltvarer som kaffi, der råvareprisane har gått veldig opp. Stort sett kan forbrukarane framover mot påska og våren gle seg over sterk konkurranse, og prisane kjem til å vere temmeleg konstante, seier Odd Gisholt til NRK.