No blir det tryggare ved fossen
Tusenvis av turistar ferdast årleg langs den utfordrande og bratte stien langs Langfoss i Åkrafjorden. Nå har sherpaer frå Nepal fullført første byggjefase for å gjera stien tryggare.
Seks sherpaer gjer ein siste innsats for å få ferdig første byggjefase av turstien før dei reiser heim til den vesle landsbyen Khunde i Himalaya. Dei er godt kledde i regnklede og høge støvlar, noko som trengst på den gjørmete arbeidsplassen. På toppen der dei jobbar, kan ein kjenna dropar frå fossen i ansiktet. Det er få arbeidsdagar igjen her i vakre Åkrafjorden for fjellfolket før dei tek fatt på den lange reisa heim.
Planen var at arbeidet på trappene skulle byrja frå botn og 350 meter opp. Men på utsiktspunktet Halvegsen, 350 meter opp, der trappene skal stansa i første omgang, held området på å bli totalt øydelagt. Difor har dei valt å byrja ovanfrå og ned.
— Her var det berre gjørme, og stien på toppen var på veg til å forsvinna, seier John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving, som er blant initiativtakarane til oppgraderinga av stien.