Lakselus er fiende nummer ein for villaks og sjøaure. Foto: Sara Synnevåg / NJFF
Lakselus er fiende nummer ein for villaks og sjøaure.

NJFF: – Still krav til oppdrettsnæringa

Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) er djupt uroa over framtida til villaksen her i landet. Dei meiner krisa for villaks og sjøaure skuldast fleire tiår med manglande krav til oppdrettsnæringa.

Publisert Sist oppdatert

Organisasjonen for jegerar og fiskarar meiner at oppdrettsnæringa er skuld i alvorlege økologiske utfordringar langs kysten. Dei fryktar at om ikkje kraftfulle tiltak blir sette i verk no, så risikerer vi å miste ein nøkkelart med stor økologisk, kulturell og økonomisk verdi.

NJFF rettar no ein innstendig appell til politikarar på alle nivå om å ta grep for å berge villaksen og sjøauren frå utrydding.

– Den norske villaksen er ein unik og viktig del av den norske natur- og kulturarven. Overlevinga til villaksen er sterkt trua. Stenginga av laksefisket i meir enn 33 elvar i år er eit drastisk, men kortsiktig tiltak som ikkje løyser dei grunnleggjande problema, heiter det i ei pressemelding frå Norges Jeger og Fiskerforbund.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS