Nesten halvparten av jordbruksareal i drift er leigejord
I 2023 utgjorde leigejord 48 prosent av det totale jordbruksarealet i drift, opp frå 15 prosent i 1969.
Auken har vore markant dei siste 50 åra, spesielt etter at leige av tilleggsjord byrja på 1950-talet, skriv Statistisk sentralbyrå.
I 1969 var det 1,40 millionar dekar leigejord, medan det i 2023 var 4,75 millionar dekar. Dette viser ein tredobling av leigejord.
Annonse
I dag leiger to av tre jordbruksbedrifter jord, noko som er ei stor endring frå 21 prosent i 1969. Regionalt er det stor variasjon, med Troms og Finnmark som har høgast del leigejord (64 prosent) og Rogaland med minst (38 prosent).
(NPK)