Omtrent ti prosent fleire kvinner bestemde seg like etter nedstenginga i mars 2020 for å få barn, skriv Folkehelseinstituttet.
Det var eit oppsving i januar 2021, altså om lag ni månader etter nedstenginga i mars 2020.
— Dette er svært gledeleg, men vi veit ikkje om det vil halde fram. Vi veit lite om årsakene til auken i talet på fødslar, anna enn at dei er samansette, seier overlege Kristine Stangenes ved Medisinsk fødselsregister.
8.718 av fødslane var ved keisarsnitt, som er 15,6 prosent av det samla talet. 3.402 fødslar kom etter mindre enn 37 vekers svangerskap.
Månaden med flest fødslar i 2021 var august, då det kom 5.253 barn til verda.
Fylket med flest fødslar var Viken, som frå før er det mest folkerike fylket i landet. Mødrer busette i Viken fødde 12.242 barn i 2021, følgd av Oslo med 9.610.
I Vestland vart det fødd 6.836 barn, i Rogaland 5.606, i Trøndelag 4.959, i Vestfold og Telemark 3.667, i Agder 3.072, i Innlandet 3.001, i Møre og Romsdal 2.669 og i Troms og Finnmark 2.445,
Fylket med færrast fødslar var Nordland, der det berre kom 2.254 barn til verda. Ved fødeavdelinga i Brønnøysund vart det fødd 19 barn i løpet av heile 2021.
FHI understrekar at tala er førebelse.