Nye bilar på Oslo hamn.
Arkivfoto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Nedgang i bilsalet etter rekord-september
Registrering av nye bilar bremsa noko opp i oktober. Samtidig melder bransjen om auka interesse frå folk som vil kjøpe ny elbil før nye momsreglar blir innført.
Registrering av nye bilar bremsa noko opp i oktober. Samtidig melder bransjen om auka interesse frå folk som vil kjøpe ny elbil før nye momsreglar blir innført.
Det vart registrert 11.138 nye personbilar i oktober, 3,6 prosent færre enn i oktober i fjor og 22,3 prosent færre enn i september i år, skriv Opplysningsrådet for veitrafikken
(OVF).
Elbilandelen var 97,4 prosent i oktober, ned frå 98,3 prosent i september. Andelen held seg dermed på eit rekordhøgt nivå.