Gode køyresko er flate, har ein mjuk sole og er ikkje for klumpete. Visst du stort sett går i sandalar elles i sommar, tilrår NAF å ha eit par joggesko liggjande i bilen.
Foto: NAF / NPK
NAF: – Ikkje køyr med sandalar eller berrføtt
– Ta deg tid til å skifte frå sandalar før du køyrer bil i sommar, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, iei pressemelding.
Når du køyrer bil, bør du ha på skotøy som sit godt fast på foten. Mistar du kontakten med pedalane eller skoen blir hengjande fast, kan det få store konsekvensar.
– Skjer det noko uventa, må du kunne reagere raskt. Du må vere sikker på at skoen heng med når du flyttar foten frå gass til brems, seier Sødal.