Regjeringa har lova ein nasjonal plan for skredsikring av alle stader med høg og middels skredfaktor.
Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
NAF: – Gigantisk etterslep på skredsikring av vegane
Planane for skredsikring held ikkje mål, meiner NAF. Totalt vil det koste 93,1 milliardar kroner å skredsikre vegane.
Berre halvparten av riksvegane som treng skredsikring ligg inne i første periode av Nasjonal transportplan (NTP), skriv NAF i ei pressemelding.
Det viser ein gjennomgang av alle prosjekta i NTP, gjort av Ny Analyse for NAF. Av 78 riksvegprosjekt i NTP inkluderer 18 av dei skredsikring.