Energi
Nærmar seg biogassbygging
Biovind er i ein fase der dei hentar inn godkjenningar for det planlagde biogassanlegget i Ølen Næringspark på Nerheim. Prosjektleiar Johnny Ødegård ser store moglegheiter for auka sirkulær økonomi i regionen og er i gang med søknadsprosessar.
— Me låner» gjødsla frå bonden, tek ut metan og CO₂ som bøndene uansett ikkje brukar, og lagar produkt av det. Dette erstattar fossilt drivstoff. I tillegg får bøndene tilbake ei gjødsel som har auka plantetilgjengelege næringsstoff, forklarar Johnny Ødegård.
Til dagleg jobbar han som prosjektleiar i Molgas, tidlegare Gasnor. I denne samanhengen er Molgas eit søsterselskap til Heygaz, som er majoritetseigar i Biovind, som skal byggje biogassanlegget på Nerheim. Ødegård er prosjektleiar for anlegget.
Lokal forankring
Ødegård presenterte planane til Biovind under eit formannskapsmøte 10. desember. Han omtala det som eit sirkulært prosjekt med sterk regional forankring i den lokale industrien og landbruket og tok politikarane gjennom historikken.
Utgangspunktet var ei lokal målsetjing om å realisera potensialet som ligg i ei berekraftig og regional utnytting av energien i gjødsel, slakteriavfall, fiskeriavfall og anna organisk avfall i vår region. Biovind blei etablert av Rune Furseth i 2014 og fekk seinare med seg dei lokale eigarane Biobonden, Fatland, Nortura og Kjell Thomas Kirketeig.
— Fatland og Nortura er substratleverandørar og kundar av biogent CO₂. Biobonden er eigar og leverandør av husdyrgjødsel til prosjektet, samt bidragsytar for å sikra lønsam drift gjennom ein felles samarbeidsmodell for transport og logistikk, sa Ødegård.
Biovind fekk i 2023 45 millionar kroner i Enova-støtte, og tidlegare i år kom det spanske biogasselskapet Heygaz inn som hovudaksjonær med 70 prosent eigarskap. Heygaz er eigd av det franske investeringsselskapet Infravia Capital, som òg eig Molgas og Renevo.
Høyring neste år
Etter kvart vende prosjektleiaren fokuset mot miljøpåverknad. Han sa at Biovind ivaretek miljøet og bidreg positivt til reduksjon av utslepp, og viste til auka utnytting av gjødsel i regionen.
Når det gjeld framdrift, er selskapet no i fasen der me hentar inn godkjenningar for oppføring av anlegget. Søknad om utsleppsløyve blei sendt til Statsforvaltaren i Rogaland 25. oktober 2024. Ødegård fortalde at handsamingstida er opp mot eitt år. ROS-analyse, luktspreiingsmodellering og andre analysar er gjennomførte.
— Ingen raude flagg blei avdekka, sa prosjektleiaren.
Høyring om biogassfabrikken er venta å kome ut på nyåret. Det er hovudsakleg Statsforvaltaren og DSB som er del av dei tidlege avklaringane som må på plass, og som vil påverke framdrifta no. Går ting som Biovind håpar på, kan dei etter kvart sende ein byggjesøknad til Vindafjord kommune.
Planen er å ha kapasitet til at 220.000 tonn substrat skal fraktast inn og ut i året, noko høgare enn tidlegare. Anlegget blir bygd med noko overkapasitet. Prosjektleiaren fortalde at utgangspunktet deira er å byggje eit anlegg som har høve til å ta imot litt meir om det trengst.
I ein e-post etter møtet opplyser Ødegård at dei no jobbar med å forbetre layouten og oppsettet etter at dei har auka kapasiteten, og at det truleg kjem nye teikningar av fabrikken litt utpå nyåret.
Tar lukt på alvor
Under debatten var lukt eit viktig tema. Mats Årvik (Frp) stilte spørsmål om kor trygge Biovind er på at teknologien vil redusere luktproblem.
— Dette anlegget skal behandla avfall som luktar, og det er ekstremt viktig for oss å ta dette på alvor, sa Ødegård.
Han forklarte at anlegget vil ha undertrykk og eit oppgradert luktreinseanlegg samanlikna med liknande anlegg. Vidare fortalde han at gjennom utviklinga av prosjektet, analysane og modelleringa har selskapet sett at nøkkelen er å vere nøyaktig i prosjekteringsfasen og ekstra påpasseleg i driftsfasen. Han understreka at dei allereie har engasjert ein driftsleiar for å sikre at rutinane fungerer frå første dag. Selskapet har stort fokus på å unngå eller avgrense lukt under drift.
— Me passar på at alt utstyr er oppe og går, at portane verkar, og at operatørar og transportørar er klare over viktigheita av å ivareta dei tinga, sa prosjektleiaren.
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) kommenterte at gjennomsnittspersonen i Vindafjord moglegvis har kjent lukta frå husdyrgjødsel før, så det blir kanskje ikkje den store overraskinga. Han synest prosjektet er spennande å følgje og håpar det blir eit anlegg om ikkje så altfor lenge.