Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne kommune ligg på 24. plass i kvalitet på tenester i årets kommuneindeks.Foto: Kinga Katrine Blaszkiewicz
Etne kommune ligg på 24. plass i kvalitet på tenester i årets kommuneindeks.

Nær landstoppen på kvalitet

Publisert Sist oppdatert

Samla sett – når ein legg saman kostnader, kvalitet og finans – plasserer Etne kommune seg på ein solid 64. plass av 357 kommunar, opplyser Etne kommune på kommunens heimeside.

Til samanlikning låg kommunen på 134. plass i fjor, noko som betyr ein markant framgang. Kostnadene til å driva tenestene ligg om lag på same nivå som året før. I 2023 var plasseringa 151 plass.

— Det er gledeleg at me klatrar på denne kåringa, og no plasserer oss i toppen på kvalitet i tenestene i kommune-Norge. At me òg går markant framover viser at me er på rett spor samla sett. Samtidig ser me at me er midt på treet når det gjeld utgifter. Det som inspirerer i denne undersøkinga, er at dei kommunane med låge inntekter i stor grad leverer dei beste tenestene til innbyggarane sine. Dette motiverer oss til å halde fram med å optimalisere utgiftene, seier kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse.

Powered by Labrador CMS