Musikalsk morgonbad i Vikebygd
Det starta med ein draum for to år sidan, og no er den i ferd med å bli realisert. 20.-21. juli er det klart for første utgåve av Vikemusikk, ein liten festival i Vikebygd for folk i alle aldrar. Her kan gjestene få vere med på ulike kulturelle opplevingar, der musikken står i hovudfokus. Cathrine Nordseth har hatt ein draum om å gjennomføre noko slik i Vikebygd, og har vore primus motor for å få musikkfesten i stand. Med seg på laget har ho blant andre fått med seg Solveig Hortman, Ingrid Matilde Sørvåg, Jorunn Birkeland og Siri Dyvig, og danna ein slags hovudkomité. Dei ønsker at festivalen skal vere familievennleg, og stiller med eit variert program for å treffe folk i alle aldrar.
– Det er ikkje mykje som eignar seg like godt til å få folk saman som musikk, smiler Nordseth, som sjølv er ein av artistane.
Nettopp det å få folk saman, har vore grunnlaget for ideen. Nordseth bur til vanleg i Danmark, men har sterke røter i Vikebygd. Ho håpar at den vesle festivalen kan vere med på å foreine bygdefolk og hyttefolk i Vikevik, som bygda heiter frå gamalt av. Likevel er festivalen meir enn open også for andre utanfor bygdegrensa.