Mot tøff haust i eliteserien

Det er ein stor prestasjon å spela seg inn i eliten for eit lag som […]

Publisert Sist oppdatert

Det er ein stor prestasjon å spela seg inn i eliten for eit lag som Etne, som knapt har nok spelarar til å fylla eit lag.
— Me låner eit par spelarar frå 1991-laget, seier trenar Vidar Aastvedt, som trenar det sterke 1990-laget. Tre treningar i veka er ikkje noko å kimsa av. Ikkje minst for dei to spelarane som er avhengige av ein snill far til å køyra dei frå Skånevik til trening på Steinsvollen i Etne, og heim att etterpå.

Vil knusa grensa
Då dei to år eldre Etne-gutane spelte seg fram til ein liknande eliteserie, vart det ikkje så mykje å ropa hurra for ut over hausten. Dei samla seg eit fattigsleg poeng. Dermed er lista lagt for årets første års gutelag.
— Me skal laga fleire mål, meiner Ådne Tendal, som har netta meir enn tjue gonger hittil i år.
— Me har ambisjonar om å knusa eitt-poengs-grensa. Og å koma frå det med æra i behald, proklamerer Sondre Sørheim med ein smil.
Fleire programerklæringar var det ikkje råd å lokka ut or våte og kalde gutespelarar på ei av dei siste treningane før avspark i den første eliteseriekampen, mot Hundvåg heime på Etne stadion laurdag.

Best i nord
Vidar Aastvedt har trena fotballag i Etne sidan 1982, lenge før spelarane han trenar var påtenkte. Han har ei litt høgare målsetning for laget sitt.
— Målet må vera å verta best blant dei fem laga frå Nord-Rogaland, synest Aastvedt. Etne-gutane har slått alle desse laga tidlegare, med unntak av Åkra.
Laga frå sørsida av Boknafjorden trur han det kan verta vanskelegare å bryna seg på. Men ingenting er avgjort før kampane er spelte.
Dei spelar enkel serie, og Etne får fem av ni kampar på heimebane. Blant laga som kjem til Etne, går Sandnes/Ulf for å vera det beste laget. Den kampen går søndag 18. september. Og i siste heimekampen, laurdag 22. oktober, kan Etne-gutane invitera publikum til eliteseriekamp mot Viking.

Powered by Labrador CMS