Mot hyttebygging i Etnefjellet
Planane for det som kan bli det første utbygde hyttefeltet i Etnefjella, har tatt eit stort steg mot realisering etter at Haugaland tingrett slår fast at Berge Sag Hyttetomtar AS har einerett til å byggje ut og marknadsføre hyttene. Rettssaka kom opp etter usemje kring grunneigar og utbyggar om storleiken på festeavgifta. Mens Berge Sag har meint at det var semje om at festeavgifta måtte ligge på mellom fire og seks tusen kroner, i tråd med det takstfolk har vurdert marknadsforholda til, har sju av åtte grunneigarar i Kaldheim fjellgruppe seinare kravd 12.000 kroner i årleg feste. Då sette Berge Sag ned foten og gav klar beskjed om at dei ikkje kunne gå vidare på eit slikt grunnlag.
Munnleg avtale
Avtalen om utbygginga har berre vore munnleg mellom partane. Då grunneigarane, etter at det oppstod usemje kring festavgifta, la til grunn at dei ikkje lenger var bundne av avtalen med Berge Sag, trekte sistnemnde dei for retten. Dette med krav om å få slått fast at verksemda hadde einerett til utbygging og inngå festeavtaler til marknadsverdi, i dag vurdert til eit snittpris på 6.500 kroner per år.