Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Rekordår for Tine gir landets mjølkebønder solid utbytte.Arkivfoto
Rekordår for Tine gir landets mjølkebønder solid utbytte.Arkivfoto

Mjølkebønder får rekordutbetaling frå Tine

NPK: Meierikonsernet Tine fekk eit resultat på 1.992 millionar kroner i fjor. Av dette får mjølkebøndene 1.083 millionar.

Totalt auka Tines resultat med 803 millionar frå 2019 til 2020, skriv selskapet i ei pressemelding. Samtidig opplyser mjølkesamvirket at kvar mjølkebonde får etterbetalt 76 øre for kvar liter mjølk dei leverte i fjor. Det betyr at dei 11.406 eigarane i snitt får 94.950 kroner kvar i etterbetaling, fortel avisa Nationen.

— Aldri før har vi levert så gode tal, og timinga kunne knapt vore betre. 1.083 millionar kroner går no rett tilbake til mjølkeprodusentar over heile landet som har store investeringsbehov på gardane sine for blant anna framleis å innfri på krava til dyrevelferd og berekraft, skriv konsernsjef Gunnar Hovland i meldinga.

Driftsresultatet til Tine enda på 1.992 millionar, der 1.786 millionar kom frå norske meieri. Dette er ein kraftig auke frå i fjor. Mykje kom av auka sal i daglegvarehandelen grunna koronapandemien.

Totalt hadde Tine driftsinntekter på 24.715 millionar i fjor. Totalt enda årsresultatet etter skatt på 1.772 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS