Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

75 år sidan freden kom

Minne frå fredsdagen

Publisert Sist oppdatert

Fredsdagen var i anmarsj, og folket hadde skjønt ei stund at krigen var i ferd med å gå over etter fem lange og uverkelege år med tyske styrkar mest innpå trapphella eller utanføre stoveglaset. Innbyggjartalet talde det dobbelte då tyske soldatar slo seg ned i enkelte av våre bygder.

Sikre kjelder i Etne og Vikedal kan fortelje at folk byrja å heise flagget før 8. mai for 75 år sidan, då det kom melding om at kampane var slutt og dei tyske styrkane var i ferd med å trekkje seg ut. Men det var strengt forbode. Papira var framleis ikkje underteikna. Tyskarane advarte om å markere freden. Den 7. mai blei avtalen signert. Tyskland kapitulerte utan vilkår, 2.verdenskrig var endelig slutt, og for Noreg var fem års okkupasjon over. Folk kunne heise flagget 8.mai og dermed sleppe jubelen laus. Det var ein gledens dag, som vanskeleg kan forståast i dag. Dei som hadde flagg tok dei fram frå gøymestaden, børsta støv av og lot dei vaie i vinden denne fine maidagen. Folk samlast i kvar ei grend med det norske flagget og markerte fridomen.

Her er fem lokale personar sine minne frå fredsdagen.

Powered by Labrador CMS