Stødle kyrkje.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Millionar til middelalderkyrkjer
Regjeringa styrkar innsatsen med å ivareta middelalderkyrkjer i stein i revidert nasjonalbudsjett 2019 med 20 millionar kroner. 27 slike kyrkjer i stein får nå til saman 20 millionar kroner i tilskot til istandsetting og brannsikring. Stødle kyrkje i Etne får 520.000 kroner.
Varaordføraren i Etne, Kenneth Karlsen (Frp) set stor pris på løyvinga.
— Den kristne kulturarven er innvevd i historia, litteraturen, kunsten og filosofien. Historisk stiller kristendommen i ein særklasse for Noreg. Då må me også ta vare på dei synlege symbola for kristendommen: Kyrkjebygga. Manglande sikring av desse kan føra til at uerstattelege kulturverdiar går tapt, seier varaordførar Karlsen i ei pressemelding.