— Meir matsatsing, takk!
Ryfylkekokken Frode Selvåg slår eit slag for MatSmiå og gamle mattradisjonar.
Den profilerte kokken frå Sandeid ynskjer at matfylket Rogaland må koma enda sterkare på banen når det gjeld lokale matsatsingar.
— Dette handlar om mangfald. Det er lov å vera liten og alt treng ikkje å handla om vekst, poengterer Selvaag.
Inspirasjon
Han viser til at forbrukarane etterspør lokale matspesialitetar i stadig større omfang. I 2013 var omsetnaden på nær 3 milliardar, og lokalmattrenden ser ut til å veksa vidare. Sidan 2010 har omsetninga auka med 22 prosent.
Kikk litt etter kva bestemor og oldemor gjorde
— Matfylket Rogaland tar sin del av kaka, men me ønskjer mange fleire produsentar, foredlarar, kokekjerringar og andre matinteresserte med på laget for å auke matmangfaldet.
Frode Selvaag meiner MatSmiå er staden for dei som er nysgjerrige på lokal mat og foredling. Det er ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og ikkje minst kompetanseheving. MatSmiå går av stabelen 19. – 20. februar ved Karmsund vgs i Haugesund. Mellom anna kjem tv-kokk og gründer av velrenommerte restauranten Credo, Heidi Bjerkan for å inspirere til kreativ bruk av lokale råvarer.
Historie
Ryfylkekokken Selvaag er kjend for sitt store engasjement for matspesialitetar og lokal matkultur, og er ein av kurshaldarane.
— MatSmiå er ei kjempeviktig samling kor ein kan byggje ei plattform for dei som er på startnivået. Min kjepphest er å samla eit breitt spekter av folk som har vilje og potensiale til å driva med mat og foredling, seier han.
Sandeidbuen vektlegg kvalitet, historie og lokal forankring i sitt arbeid med lokale matspesialitetar, og for han er det viktig å starta med det som er rotfesta i vår kulturelle bakgrunn.
— Kikk litt etter kva bestemor og oldemor gjorde. Det er her matskattane finst, oppfordrar han.
Framhevar
Spesielt vil Selvaag trekka fram behovet for fleire produsentar innan kjøtforedling, foredling av mjølk til iskrem og yoghurt og sylting.
— Sjå til New York. Der har sylting blitt ein kjempetrend blant unge. Ungdomane ser galskapen i at all mat skal vere ferdigmat på boks, seier ein oppglødd Frode Selvaag.