Meir energi

Dette trur me kan vere ei god og framtidsretta næring for mange av bygdene sine […]

Publisert Sist oppdatert

Dette trur me kan vere ei god og framtidsretta næring for mange av bygdene sine bønder. Samstundes som ein får hand om forureining frå svært mykje farleg bygningsavfall, som elles ville blitt sendt til himmels i forureinande røyk, skaffar ein altså brensle som når det blir brukt i moderne omnar, blir omdanna til rein energi. Det vil òg kunne gje oss moglegheiter til å sjå at naturlandskapet ikkje blir heilt igjengrodd. I Sverige får bøndene godt betalt for å levere flis frå denne sorten småskog og kratt til nettopp kommunale varmekraftverk.

I kampen om å klare å forbruke mindre av det fossile brenselet, er dette eit av dei mange tiltaka som kan gje oss ein vinn- vinn situasjon. I fyrste rekkje må dei kommunale leiarane fortsette å bry seg om oppvarming med biobrensel i dei bygningane dei eig, òg på sikt tenkje planmessig på fjernvarmeanlegg som kan gje vassboren varme til nye byggefelt. Om myndigheitene også ser meir positivt på utbygging av småkraftverk og legg tilrette for ein auka straumproduksjon med dette, kan vi kanskje sleppe store naturpåverka kraftprosjekt. Småkraftverk vil jo også kunne gje mindre grunneigarar eit inntektsgrunnlag som kan vege opp det faktum at garden er for liten til tradisjonell produksjon.

Powered by Labrador CMS