Medaljedryss til Etne karateklubb i NM: – Ein skikkeleg bra dag for gjengen
— Etne karateklubb gir alt dei kan og er best når det gjeld. 14 medaljar og ein pokal for stemnet sin beste tekniske utøvar. Me er ni utøvarar, og alle saman får pallplass. Me stiller i individuell kata, lagkata og kamp. Ein skikkeleg bra dag for gjengen. Eg er så stolt over dei, seier trenar Beathe Hegerland.
Utøvarane frå Etne gjorde seg merkte i alle øvingar, og fleire av dei gjekk heilt til topps. Jan Filip Jensen blei norgesmeister i fight, og imponerte med å vinna finalen på berre tolv sekund. Det blei stemnet sin raskaste knockout. Han deltok i den største klassen med tolv deltakarar, og gjekk sigrande gjennom meisterskapet.
Medaljar i fleng