Bjørn Tollefsen blir ny styreleiar i Skakke SA
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Med hjarte for levande bygder
— Dette blir ein spanande jobb. Eg hadde lyst til å prøva noko heilt anna og så kom denne muligheita. Det blir ein annleis jobb enn den eg har hatt til nå og mykje å setja seg inn i, og eg går med audmjukheit til oppgåva, seier Bjørn Tollefsen brukte sine første dagar som kommunedirektør til å gjera seg kjent på kommunehuset i Etne og setja seg inn i lovar og reglar.
Kontorpulten er ennå ganske tom og i bokhylla er det mykje ledig hylleplass som med tida vil fyllast med permar og dokument. Dei nærmaste dagane er målet å bli betre kjent med tilsette i kommunen og setja eit ansikt til namna han har notert i notatboka.
— Eg ynskjer å snakka med folk og sjå korleis ting fungerer. Til nå har eg brukt tida på å forstå korleis det praktiske fungerer og lese meg opp på rapportar. Men nå er det full rulle, seier han og smiler.