Mann måtte betale 15.000 for å ha sjekka SMS i bilkø
NPK-NTB: Ein 32 år gammal bilist frå Bergen måtte ut med 15.000 kroner etter å ha sjekka ei tekstmelding medan han sat i bilkø.
Motoren på bilen var slått av då mannen sjekka tekstmeldinga, då han stod i kø på Danmarks plass i Bergen. Det hjelpte lite.
Han hadde stått i ro i fleire minutt då han vart merksam på og sjekka ei tekstmelding han hadde fått på mobilen. Kort etter vart han stansa av ein politibetjent som hadde observert handlinga via kikkert. 32-åringen fekk ei bot på 12.000 kroner, men nekta å vedta bota, ifølgje Bergensavisen.
Dermed kom saka opp for Hordaland tingrett, som bestemde at mannen måtte betale bota, i tillegg til sakskostnader på 3.000 kroner.
Høgsterett har tidlegare slått fast at bruk av handhaldt mobiltelefon, sjølv om bilen står i ro på raudt lys, er definert som bruk under kjøring».
(NPK)