Næringsgiv 2024 på Olalia.Interesserte lyttarar til Rune Bjerga. Frå venstre Ingeborg Johansen, Anette Lauareid Hovda, Erle Mæland Aasheim og ordførarane Mette Bergsvåg Ekrheim og Ole Johan Vierdal. FOTO: NILS TOKHEIM
Fikse Næringsforening er blant anna med å arrangere NæringsGIV på Olalia. Her i 2024. Frå venstre: Ingeborg Johansen, Anette Lauareid Hovda, Erle Mæland Aasheim og ordførarane Mette Bergsvåg Ekrheim og Ole Johan Vierdal.

Næringsliv

Mangfald og meistring blant lokale bedrifter

Publisert Sist oppdatert

Det er eit godt mangfald av bedrifter som driv med ulike ting på ein heilt eksepsjonell måte. Det gjer det ekstra spennande, seier Magelssen.

Kvar pris har tre nominerte bedrifter frå Etne eller Vindafjord.

— Alle fortener pris

Det er Haugesund Sparebank, SpareBank 1 Sør-Norge og Sparebanken Norge som deler ut dei tre næringsprisane. Magelssen har vore med i juryen som har nominert kandidatane, og synest det er stas å få heidra dei lokale bedriftene.

— Eg synest alle fortener pris. Det er utruleg artig kor mange bedrifter som har vore med i vurderinga, seier Magelssen.

Vinnarane blir avslørte på Olalia Fjellstove under NæringsGIV torsdag. Det er folk utanfrå som har spelt inn kandidatar, som sidan har blitt vurderte av juryen.

— Det bedriftene gjer, blir lagt merke til ute i lokalsamfunnet, seier Magelssen.

Nominasjonar

Her er dei nominerte, med utdrag frå juryen si grunngiving og kommentarar frå bedriftene:

Årets Bedrift 2025

Bjarne Nordtveit AS
Entreprenørbedrifta frå Vats har bygd seg opp med 15 dyktige tilsette, og med samanslåinga med Tveit Maskin AS blir dei snart 25. Bedrifta er stolt av dei tilsette, som leverer høg kvalitet, er løysingsorienterte og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Målet er ikkje vekst i seg sjølv, men å stå sterkare i konkurransen om større oppdrag – alltid med lokal verdiskaping i sentrum.

AdmMit AS
AdmMit har utvikla seg frå eit lokalt initiativ i Vindafjord til ein nasjonal leverandør av digitale styringsverktøy for alle bedrifter med personell om materiell. Dei tilbyr modulbaserte løysingar for alt frå timeregistrering til HMSK og ressursplanlegging til kart, og har ambisjonar om å nå 15 tilsette. Selskapet legg vekt på personleg oppfølging og tett samarbeid med kundane, og har hatt jamn vekst sidan starten i 2014.

Jon Bryøen (f.v.), Andreas Reinholdt, Ørjan Fitje, Astri Håkull, Erlend Sørhus, Cecille Klev, Martine Dobrée-Bell, Øyvind Hatland og Stian Furseth i AdmMit.

Lauareid Service AS
Med hovudbase i Skånevik og avdelingar i Haugesund og Rauland, leverer Lauareid Service sal, montering og service på varmepumper, i tillegg til utleige av personell – hovudsakleg til Westcon. Bedrifta er fleksibel, grip sjansane som kjem og har ein filosofi om å vera i forkant av utviklinga. Med 10 tilsette er dei ein viktig lokal aktør med stor tilpassingsevne.

Årets Gründer 2025

Silde AS
Bonde Johannes Silde har utvikla garden til ei moderne og målretta verksemd. Gjennom ei høgkompetent avlsbesetning på gris leverer han genetikk både til innanlands bruk og eksport via Norsvin. Bedrifta har som mål å vere i det nasjonale toppsjiktet og satsar samstundes på trivsel – både for dei tilsette og dyra. Silde AS kombinerer langsiktig dyktigheit med næringsretta drift.

Vindafjord Biovarme DA
Selskapet utnyttar skogsråstoff som elles ville gått tapt, og leverer lokal og berekraftig energi til fleire viktige bygg i Ølen og Vindafjord. Biovarma frå selskapet spelar ei viktig rolle i det grøne skiftet ved å avlaste straumnettet og styrkje lokal energitryggleik. Dei viser korleis innovasjon i energisektoren kan kombinerast med samfunnsnytte og miljøomsyn.

Larsen Bakeri AS
Larsen Bakeri satsar på berekraft og innovasjon. Dei har utvikla smarte løysingar for å redusere matsvinn, som å frysa uselde brød og tilby overskot i kjøleskap til halv pris. Med fokus på kundane har dei utvida lokala og utviklar nye produkt i samspel med gjestene. Bakeriet viser at tradisjonshandverk og moderne tenking kan gå hand i hand.

Årets Nykomar 2025

Prefabpartner AS
Prefabpartner frå Ølen har på kort tid blitt ein synleg aktør innan prefab-element i betong og stål. Selskapet leverer effektive og solide løysingar til byggjebransjen, og vidarefører Ølen sitt sterke rykte innan konstruksjon. Dei kombinerer lokal tilknyting med industriell kompetanse, og er godt posisjonerte for vidare vekst i regionen og utover.

Sandvik Service Solutions AS
Plassert på Liaheia i Skjold, har Sandvik Service Solutions vakse raskt og etablert seg som ein allsidig leverandør av tenester innan kontroll, reparasjon og utleige av maskiner og utstyr. Dei har bygd sterke relasjonar med store aktørar, og leverer med høg kvalitet og presisjon. Bedrifta er særleg sterk på kranar, sveising og løfteutstyr.

Havreberg Coaching AS
Frå ei falleferdig løe til topp moderne treningssenter i Ljoshall – Havreberg Coaching har hatt ei imponerande reise. Dei fire trenarane tilbyr alt frå rehabilitering og folkehelse til toppidrett, både fysisk og digitalt. Med senter i Etne og Norheim og stadig fleire tilbod på gang, er dei i rask vekst og brenn for å hjelpa folk til å bli den beste versjonen av seg sjølve.

Powered by Labrador CMS