Mange ville helsa på nissen
Torsdag var det duka for julegateopning både i Etne og Ølen. I Etne starta arrangementet som vanleg i Tinghusparken der lysa på juletreet blei tent til tonar av Etne Musikklag. Eit par rundar rundt juletreet blei det også tid til før dei frammøtte denne skoddetunge ettermiddagen samla seg for å gå i samla tropp opp mot Skakke.
— Nå skal me møta nissen, seier ein glad jentegjeng og gjer seg klar til fakkeltoget.
Dei fire 9 åringane Lena Mæhle Eikemo, Anna Mølstre Kringlebotten, Klara Svendsen Hauge, Liva Opedal og seks år gamle Liva Matre har alt gjort unna den tradisjonelle gangen rundt juletreet og nå vil dei sjekka ut kva nissen har i sekken sin i år.