Stor elv. Vikedalsdalen sundag 14. oktober 2018.
Foto: Arne Frøkedal
Mange sette nedbørsrekord
Hundseid i Vikedal er på lista som blei presentert på yr.no i førre veke over nye nedbørsrekordar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Og her tronar Hundseid heilt på topp med 1.648 millimeter nedbør i august, september og knappe to veker ut i oktober.
Den gamle rekorden for målestasjonen inst i Vikedalsdalen i tilsvarande periode, blei sett i 1983 og var på 1.414 millimeter.
Så langt i år har stasjonen målt 2.563,9 millimeter nedbør, som er 118 prosent av normalen for denne perioden.