Vi klapper i hendene, så glad er vi, så glad er vi», ljoma det i Doktorhagen i Skånevik medan korpsmusikken spela til.
Foto: Anne-Britt Grindheim
Mange samla i doktorhagen
Juletregrana vart tent medan Judith Tungesvik frå handelsstanden ønskte velkomen og presenterte programmet der ho inviterte alle til å gå rundt juletreet. I neste augneblink fann ho plassen sin i musikkorpset der dei opna julegata med adventsong.
Tonane frå korpsmusikken fylte plassen i heile den romslege hagen. Det ein bodskap om fred på vår vesle jord. Først då korpset tok til med Deilig er jorden», våga dei første seg til å gå rundt juletreet. Små og store stimla til. Det var også song med fleire kjente og kjære julesongar.
I paviljongen der musikklaget spela, stod nokre elevar frå 10.klasse og freista med kaker og kaffi.