Også i Grannar-distriktet er det mange som pyntar hus og hage med julelys.Arkivfoto
Mange lyser opp desember
På Vassenden i Etne står eitt av dei mange husa i vårt langstrekte land, som lyser opp desemberkvelden. Øyvind Kringlebotten Steensland som eig huset, synest det er kjekt å lysa opp eigedommen kvar jul. — Me pleier å pynta ganske godt, men i år har me nok gjort det litt ekstra. Koronasituasjonen er årsaka til det, og me hadde lyst til å lysa opp litt meir enn før, seier han, og legg til at han har spedd på med rundt 100 meter ekstra lys denne dette året. Her bur han saman med kona, Monika og sonen Benjamin på tre månadar, og huset er blitt eit blikkfang for dei som køyrer på E134 aust for Etne. — Me merkar at trafikken går litt seinare enn før, så det er nok mange som kikkar litt opp når dei køyrer forbi. Om dette er til glede for andre, er det veldig kjekt, seier han. Kringlebotten Steensland brukte ettermiddagane rundt ei veke på setja opp alle lysa, så det ligg mykje arbeid bak.
Nettopp dette spesielle året med koronapandemien hengjande over oss, er det overveldande auke i husstandar som lyser opp nattehimmelen på denne måten. Det var helseminister Bent Høie som i midten av november gjekk ut med ei oppfordring om å starta jula tidleg, og det norske folk var ikkje vanskelege å be. Ifølgje NRK har fleire butikk-kjedar hatt kanonsal av julelys denne førjulstida, og Biltema er ein av kjedene som melder om auke. Heile 170 prosent meirsal på julelys enn i 2019. Også i Grannar-distriktet lyser mange hus opp, med både julelys og dekorasjonar i alle variantar. Dette vil Grannar gjerne dela med lesarane våre, og tar gjerne i mot bilde av flott julestemning frå både Etne og Vindafjord. Send bilda til: foto@grannar.no eller mms til nr. 975 70 790. Hugs å gi litt info om bildet og namn på fotograf.