I løpet av den siste veka i januar legg kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fram forslag om skular og barnehagar for framtida i kommunen. Han seier prognosar og elevtal berre er ein del av vurderinga som ligg bakl forslaget.
Foto: Jon Edvardsen
Må kutte over 20 millionar
Skal økonomien i Vindafjord i balanse neste år, må kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslå kutt på over 20 millionar kroner. I år lever kommunen litt på lånte pengar.
I tillegg til kutt, vil det truleg også bli dyrare å motta kommunale tenester på ein del område.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen har mindre enn tre veker på seg etter tidsplanen for budsjettarbeidet til å finne svaret på kor han vil foreslå kutt.
Etter første tertial var prognosen over 20 millionar kroner i sprekk samanlikna budsjettet for 2020. Det førte til ei justering der kommunen betaler ned 10 millionar mindre i avdrag i år, og 6,4 millionar er henta frå planlagde avsetningar til framtidige investeringar.