Endre Krakk (t.h) har aldri før sett så ekstrem prisauking på drivstoff.
Arkivfoto: Arne FrøkedalFOTO: Arne Frøkedal
Må auka fraktprisane
Det går mykje diesel i eit fullasta vogntog og med den nåverande prisveksten på drivstoff må Endre Krakk auka prisen på utførte oppdrag for å bøta på kostnadane. — Får me ikkje auka prisen kan me ikkje driva vidare.
Over heile Europa kan folk flest kjenna på dei aukande energiprisane. I Noreg har me fått merkbar endring i matvareprisane, rekordhøge dieselprisar og store skilnadar i straumprisane. Og fleire spår at det blir verre.
Som ein jo-jo
Det er fleire grunnar til kva som gjer desse endringane så markante. Låge vassmagasin, dårleg straumflyt og krigen i Ukraina er nokre av grunnane for at prisane stig.