Leiar i Ølensvåg grendeutval, Monica Berge Fjæra, ser fram til debatten.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Lyser opp med fargerik gatekunst
— Eg likar særleg godt den store blekkspruten. Eg lurer på korleis dei har fått til å teikna alle fiskane, seier Magnus Nedrelid og beundrar dei fargerike teikningane som pryder undergangen til gang-og sykkelstien i Ølensvåg.
Åtteåringen har tatt turen til sentrum i regnvêret for å bli med på den offisielle opninga av gatekunst-prosjektet. Saman med ein talrik gjeng sambygdingar let han seg begeistra av teikningane som har sett liv til dei grå murveggene. På programmet denne kvelden stod også snorklipping, talar, pølsefest og løp for dei minste. Barneløpet var inndelt i årsklassar og med stor iver sprang ungane gjennom begge undergangane før dei nådde målområdet. Ruskevêret sette ingen dempar på konkurranseiveren og alle som deltok blei belønna med kvar sin premie etter endt løp.
Gatekunst