Daniel Holten held god fart på Flisa og kapra mange poeng som gjer at han ligg godt an i NM-samandraget.
Foto: Rune Johannesen
Luktar på nytt NM-gull
Med éin runde igjen er Daniel Holten (27) i posisjon til å kapra NM-gullet i rallycross. I helga blei det ny pallplass for den meritterte føraren frå Vikedal.
Om knappe tre veker går finalen på Momarken. På Flisa der helgas femte og nest siste NM-runde gjekk av stabelen, blei det andre plass på Daniel Holten, berre slått av Sivert Svardal frå NMK Konsmo, som også leiar i samandraget.
27-åringen frå NMK Vikedal ligg dermed uoffisielt på andre plass i klassen Supernasjonal inntil 2000 kubikk, bak Svardal. Men ved å stryka det dårlegaste resultatet, noko som blir gjort ved avslutninga av sesongen, leiar vikedalsbuen med fire poeng på sin argaste konkurrent.
Andre plass i den nest siste NM-runden i rallycross er Holten godt nøgd med. Nå ser han fram til ein spanande finale på Momarken 21. september.