Fylkesordførar Ole Ueland i Rogaland likar å opne nye vegprosjekt. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Fylkesordførar Ole Ueland (H) i Rogaland vil ikkje ta initiativ til fleire rundar for å redde Ølensambandet. Her frå då han opna ein veg i Sandeid i februar.

Lukkar båtdøra

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland tok tysdag høgde for at fylket kunne kome tilbake til saka om nedlegginga av ølensambandet om det skjer ei utvikling frå Rogaland si side. Same dag avviste fylkesordførar Ole Ueland (H) i Rogaland denne moglegheita.

Publisert Sist oppdatert

Ølensambandet

Før jul vedtok Rogaland fylkesting at snøggbåtsambandet mellom Bjoa, Ølen, Sunnhordland og Bergen skal leggjast ned i 2025.

Vestland sitt kollektivselskap Skyss driv sambandet, men Rogaland har betalt for at båten skal stoppe i fylket. Tilskotet har vore på 1,6 millionar kroner.

Under eit møte i fylkesutvalet i Rogaland stilte gruppeleiar Hanne Marte Vatnaland (Sp) fylkesordførar Ole Ueland (H) spørsmål om Rogaland kan vere med på ei ny vurdering av om dei skal kutte tilskotet sitt til Vestland, for at snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland også skal stoppe på Utbjoa og Ølen.

Ueland svara at han dessverre må vere såpass tydeleg og seie at det som blei vedteke i budsjettet, er at dette tilskotet fell bort. Han ser difor små moglegheiter til at Rogaland fylkeskommune kan medverke til noko anna enn det.

— Med mindre det kjem noko vedtak på å gjere om på det, forheld eg meg til det som er vedteke i budsjettet, og kjem ikkje til å ta noko initiativ til fleire rundar frå vår side, sa Ueland.

Prisvekst

Vatnaland reagerte på leiar Lasse Fredheim (H) i samferdselsutvalet sine utsegn om moglege økonomiske bidrag frå Vindafjord for å halde liv i Ølensambandet nyleg. I lys av dette utfordra ho Ueland på om det er rett at kommunar skal utfordrast gjennom media til å ta over finansieringa av eit tilbod som er fylkeskommunen sitt ansvar, og om ein kan venta fleire kutt i kollektivtenestene i andre delar av fylket, der fleirtalet vil føreslå å leggja ansvaret for finansiering over på kommunen.

Etter å ha lese saka, er det fylkesordføraren si oppfatning at det er innbyggjarane som er intervjua, som tek initiativ til at kommunen skal kome på bana og eventuelt bidra økonomisk. Han viser til at Fredheim understreka at kollektivtransport er eit fylkeskommunalt ansvar, men at det er mogleg for kommunane å bidra om det er sterke lokale ønskje.

Den usedvanleg høge prisstigninga innan drift av kollektivtenester dei siste åra har ifølgje Ueland gjort det heilt nødvendig å gjere økonomiske prioriteringar. Å kutte tilskotet til Ølensambandet ser han som ein konsekvens av dette, med grunngjeving i at det er eit lågt tal reisande til ein relativt høg pris.

— Fylkestinget har vedteke at Kolumbus si kjerneverksemd skal ha hovudprioritet, og ruter som blir nytta av mange, vil ha forrang framfor ruter med svært låge passasjertal, sa fylkesordføraren.

Vidare poengterte han på generelt grunnlag at dersom kommunar ønskjer å bidra til å bevare ruter som i utgangspunktet er føreslått kutta, vil fylket vere ope for å sjå på moglege løysingar for eit samarbeid, noko det allereie finst døme på. Då Vatnaland følgde opp med å spørje om ny vurdering av Ølensambandet, svara han at budsjettvedtaket står. Høgre, Venstre, Frp og KrF er fleirtalskoalisjonen i fylkestinget i Rogaland og stod bak vedtaket, mens mindretalet ønska å redde det i sitt alternative budsjett.

Skyss frå Etne

Vestland sitt hovudutval for samferdsel og mobilitet vedtok 11. mars at båttilbodet i Ølen og Utbjoa skal opphøyre i sommar. Tysdag var saka oppe i fylkesutvalet i Vestland.

Kåre Martin Kleppe (H) viste til møtet i Rogaland same dag, og undra seg om dei kanskje burde utsetje saka til dei ser kva saka blir. Aleksander Øren Heen (Sp) var einig med Kleppe, sjølv om han var tvilande til at Rogaland kom til å snu. Han la fram forslag om å be om ei sak om bestillingsrute med bil/buss frå Etne til Skånevik.

— Eg håpar det kan vere ein grei måte å løyse det på. Då vil me få eit svar frå Rogaland om dei står ved vedtaket, sa Heen.

Dette blei eit tredje punkt i det som enda med eit einstemmig vedtak. Punkt ein var at båttilbodet i Ølen og Utbjoa opphøyre frå sommaren 2025, på bakgrunn av at Rogaland har vedteke å avslutte tilskotet.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) fortalde at han tenkte at å be om ei sak om skyss nesten er som ei utsetjing, slik at ein kan sjå om det kjem noko utvikling i spørsmålet om Ølensambandet frå no til då. Han sa at ei eventuell utvikling frå Rogaland ville bli fanga opp i saksutgreiinga om skyss frå Etne–Skånevik. Signala frå fylkesordførar-kollegaen i Rogaland er altså at dette neppe blir aktuelt.

Powered by Labrador CMS