Lucia-toget og barnesongen blei høgdepunktet
Ein gjeng eldre sit forventningsfulle og klare i foajeen og kikkar ut vindauga etter barna.
— Kjem dei snart? spør ein av dei som ventar.
Dei hadde nok rigga seg til før tida, for å sikra seg å få med seg då barna kom, og praten går om laust og fast. Omsorgssenteret er fint pynta til jul, med eit juletre som rekk opp til taket, ein nisse som tek imot ved døra og ein storskjerm som illustrerer fyr i omnen. Varmt og godt er dei einige om at det er. Denne dagen har dei gledd seg til. Små barneføter som trippar rundt og syng fine julesongar.