Lokalpolitikarar blir kutta ut for å spare pengar
Horten er ein av kommunane som vurderer eit kraftig kutt i talet på representantar for å spare pengar. Forslaget frå administrasjonane seier at dei skal kutte frå 41 til 27 representantar. Dette er minimumstalet til kommunen, skriv Kommunal Rapport.
Når ein kommune skal kutte i alle sektorar, må ein òg, av omsyn til opinionen, kutte budsjettet til politikarane, meiner nokre kommunar.
– Det er synd om kommunestyret blir redusert i ein budsjettprosess, sjølv om eg har forståing for at det skjer, seier fagsjef for folkevalgtprogrammet Dag-Henrik Sandbakken i KS til avisa.