Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lokalaviser må tidvis hanke inn journalistar utan utdanning, viser ei undersøking frå 2023. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Lokalaviser må tidvis hanke inn journalistar utan utdanning, viser ei undersøking frå 2023.

Lokalaviser slit med å rekruttere journalistar

Publisert Sist oppdatert
Ei undersøking av 21 lokalaviser viser at redaktørar synest det er så vanskeleg å rekruttere nye journalistar at dei må hanke inn folk utan journalistisk utdanning, seier medieforskar Birgit Røe Mathisen ved Nord universitet til Klassekampen.

Redaktørane er mest uroa over eiga evne til å produsere grundig og kritisk journalistikk. Dei er også redde for å hamne bakpå i den digitale utviklinga. Det skjer medan ein ser ein større demografisk trend kor unge personar i større grad trekkjer til byane. Undersøkinga tok også for seg synspunkt frå journaliststudentar.

– I studien såg vi også eit paradoksalt sprik mellom oppfatninga til studentane om kva det vil seie å jobbe i lokalavis og kva oppgåver redaktørane i lokalmedia treng dei til, seier ho.

Den siste veka har det gått ein debatt i Medier24 som handlar om korleis ein skal angripe utfordringa. Den ansvarlege redaktøren i bransjeavisa Erik Waatland skreiv i eit meiningsinnlegg sist veke at journalistar i hovudstaden på leit etter jobb bør leggje bort kaffi latten og søkje jobb utanfor ring 3».

Generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser (LLA) seier det støtt og stadig er gode moglegheiter for å få seg ei fast stilling utanfor dei store byane.

– Som regel er det langt oftare kunngjort faste stillingar enn vikariat i lokalavisene utanfor storbyane, seier han.

Powered by Labrador CMS