Haugalandsmuseet har publisert fleire lydtak gjort av Endre Heggen.
Foto: Privat
Lokal lydskatt om Bjoa-gjengen»
Haugalandmuseet presenterer ei intervjusamling med forteljingar frå Bjoa-gjengen» – motstandsfolk under andre verdskrig, samt forteljingar frå garden Eikås der Sverre K. Andersen (kodenamn Arquebus) opphaldt seg under krigen.
Lydopptaka vart samla inn av Endre Heggen – lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen i perioden 1980-2005. Av ein lydskatt på nær 500 opptak, har museet gleda av å gi tilgang til seks intervju frå krigsåra – i nettløysinga Digitalt Museum. Her kan du høyra om lokale motstandsoperasjonar heime i di eiga stove.
Du kan mellom anna høyra Kristin Eikås Andersen frå Bjoa fortelja om spionarbeidet til Sverre K. Andersen, som enda opp på garden Eikås, og som vart til operasjon Arquebus’» hemmelege base.