LO-toppar varslar skarpe krav i lønnsoppgjeret i år
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum krev eit stort lønnsløft i oppgjeret i år.
Lønnsoppgjeret i fjor gav norske arbeidstakarar 2,2 prosent reallønnsvekst.
– Vi vil ikkje talfeste noko krav no, men eg er ikkje framand for at nivået frå i fjor kan vere eit godt utgangspunkt, seier leiar
Jørn Eggum i Fellesforbundet til VG.
– Vi kan dokumentere at industrien går så det grin og at det er eigarane som har fått dei største bitane av kaka dei siste åra. Den trenden skal vi snu, seier Eggum.
Han får full støtte frå LO-leiaren:
– Det er rom for eit godt og solid lønnsoppgjer, som gir auka kjøpekraft. Spesielt når vi ser at eigarane stikk av med stadig meir av kaka, seier Peggy Hessen Følsvik.
Hessen Følsvik peikar på at inntektene og utbytta til eigarane har auka på kostnad av lønningane for dei tilsette.
– Når lønninganes del av verdiskapinga har falle frå over 80 til ned mot 70 prosent, viser det at eigarane har stukke av med meir av verdiskapinga dei siste åra, seier ho.
Det tekniske berekningsutvalet (TBU) forventar at prisane vil stige med 2,5 prosent i 2025. Om folk skal få reallønnsvekst, må lønnsauken vere høgare enn dette.
(NPK)