Livreddande kunnskap for småbarnsforeldre
Torsdag arrangerte Ølen Sanitetsforening førstehjelpskurs for småbarnsforeldre. Seks foreldrepar møtte opp saman med babyane sine, og engasjementet var stort.
— Det handlar ikkje om å kunna alt, men å våga gjera noko, seier Anne Tone Salte Andersen (72), leiar i Ølen sanitetsforeining. Ho har òg deltidsstilling ved Falck bedriftshelseteneste i Haugesund, og brenn for førebygging og tryggleik.
Sanitetsforeininga har fått 25.000 kroner frå SR-Bank-stiftinga, noko som gjorde det mogleg å kjøpa inn ei stor og to små treningsdokker til HLR-opplæring.