Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Signe Ytrøy (t.v.) og Ingeborg Sørheim gler seg til litteraturbåten Epos kjem til både Etne og Skånevik denne veka. Foto: Grethe Hopland Ravn
Signe Ytrøy (t.v.) og Ingeborg Sørheim gler seg til litteraturbåten Epos kjem til både Etne og Skånevik denne veka.

Litteraturbåten legg til kai

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje fritt for at biblioteksjef Signe Ytrøy og bibliotekar Ingeborg Sørheim får stjerner i blikket når dei snakkar om bokbåten Epos, for nettopp bokbåten er ein av dei eksotiske vestlandske fenomena som ikkje lenger finst på Vestlandet.

— Heilt sidan eg starta å jobba i biblioteket for mange år sidan har eg hatt ein draum om å få bokbåten på besøk. I 2020 blei bokbåten nedlagd, men no kjem han likevel i nytt format, seier Ingeborg Sørheim.

Signe Ytrøy kan fortelja at båten blei bygd i 1959, og i 1963 stod han klar til drift. Den gong var det eit selskap inni fjordane ein plass som eigde båten som fekk namnet Epos, og som leigde han ut til Fylkesbiblioteket som bibliotekbåt. I fleire tiår reiste Epos rundt i både Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, og i Hordaland som flytande bibliotek, men i 2020 blei denne drifta lagt ned.

Powered by Labrador CMS