Tone Karin Urdal har vore bussjåfør i 20 år og stortrivest i jobben. No overtar Vy for Tide, og det er Urdal spent på.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Likar langkøyring
Bussjåfør Tone Karin er det nok mange som kjenner frå dei grøne bussane som går i rute 260 mellom Etne og Haugesund. 58-åringen er svært glad i både jobben sin og menneska ho møter på bussen, og synest lengre køyring med mindre av- og påstiging er å føretrekka. Så langt er det Tide Buss som har vore arbeidsgjevaren hennar og over 190 andre bussjåførar på Haugalandet, men då Vy vann anbodet nyleg, hjelper det lite at bussjåføren helst skulle sett at Tide fekk tilslaget. — Me får gjera det beste ut av det, seier Tone Karin.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er stort sett positiv.