Vindafjordtunet i Vats er eit av dagens to omsorgssenter i Vindafjord.
ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Legg om demensavdeling
— Heimetenesta har kontor vegg i vegg med Tinden. Endringa vil ikkje gjere den store forskjellen på Tinden, men frigjer ressursar nede. Det trengst, sa Hanne Kathrine Sørhus (KrF), som til dagleg jobbar ved Vindafjordtunet.
Tinden har i dag fem pasientar og tilsvarande personale. Med 24 av 25 stemmer gjorde kommunestyret eit topunkts vedtak:
- Kommunestyret godkjenner at Tinden blir ein del av heimebaserte tenester.
- Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å legge om drifta på Tinden frå institusjon med vederlagsberekning til omsorgsbustad med husleige, ved behov.