Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Helseminister Invild Kjerkol. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Helseminister Invild Kjerkol.

Lange dagar for fastlegane

NPK: Fastlegane jobbar fleire timar legevakt og har hyppigere kvelds- og nattevakter i små legevaktdistrikt.

Det går fram av ein fersk rapport frå ei ekspertgruppe som har vurdert legevaktordninga og mellom anna kartlagt vaktbelastinga for fastlegane.

Ekspertgruppa har vore leia av professor Tor Iversen ved Universitetet i Oslo. Bakgrunnen for at gruppa blei oppretta i januar i år, er at legevaktordninga lenge har vore under press. Særleg mindre kommunar i distrikta har meldt om vanskar med å bemanne legevakta, og fastlegar i distriktskommunar har ofte høg vaktbelasting.

— Regjeringa vil styrkje legevakttenesta. Befolkninga skal vere trygge på at dei får rask helsehjelp i akutte situasjonar. For å vidareutvikle og styrkje legevakttenesta må vi ha kunnskapsbaserte tiltak. Denne rapporten bidreg med nyttig kunnskap inn i dette arbeidet, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.

Rapporten avdekkar at det er store variasjonar i fastlegars belasting frå legevakt mellom større og mindre kommunar. Den viser mellom anna at éin av fire av dei minste kommunane (færre enn 5000 innbyggjarar) har tre eller færre legar i vaktordning.

Ein større andel av fastlegane jobbar legevakt i mindre distrikt.

Over ein tredel av legevaktene har meir enn ein times reiseveg til næraste sjukehus.

— Vi må ha ei berekraftig legevaktteneste, men vi ser av denne rapporten at å bemanne legevakt òg kan forsterke rekrutteringsutfordringane i fastlegeordninga. Noko av det første regjeringa gjorde var derfor å løyve 50 millionar til kommunar som slit med å dekkje opp legevakt. No vil vi saman med Helsedirektoratet og i tett dialog med KS og Legeforeininga arbeide vidare med både kortsiktige og langsiktige tiltak, seier Kjerkol.

Powered by Labrador CMS