Lett lufttrykk i dekka på traktoren kan ha mykje å seia for å få ned dieselforbruket i landbruket.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NP
Landbruket kan bli fossilfritt innan 2030
NPK: Landbruket kan bli elektrisk dei neste ti åra, går det fram av ein rapport utarbeidd av DNV-GL på oppdrag frå Norges Bondelag og Energi Norge.
— Noreg tok ei global leiarrolle for å få fart på utviklinga i el-bilmarknaden, og no bør vi gjere det same for å vise veg mot fossilfritt landbruk, seier Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag i ei pressemelding sitert i Nationen.
Ho meiner rapporten er godt nytt.
Batteri har vore ei av barrierane for å elektrifisere landbruket, men den teknologiske utviklinga av batteriet kan gjere det lettare innan 2023. Dei elektriske traktorane i dag kan ha batteri på 130 kWh, medan rapporten bereknar at dei i 2030 kan ha batteri på 400 kWh.
Med dette kan utsleppet frå landbruket bli redusert med 46 prosent.
Norges Bondelag og Energi Norge meiner rammevilkåra for å utvikle denne teknologien må bli betre.
— Det er behov for ei støtteordning som gjer det økonomisk mogleg for bonden å kjøpe elektriske traktorar når dei kjem på marknaden, seier administrerande direktør i Energi Norge, Knut Kroepelien.