Lærte å setja lys til musikken
Vegard Holthe Owe (12) og Marius Matre Stople sit att med mykje ny scenekunnskap etter ei helg på workshop.
Denne helga blei det arrangert kurs i dans- og scenelys-teknikk i regi av UKM-komiteen. Den praktiske workshopen blei arrangert på Sjøperlo i Ølen, fredag og laurdag. Ni deltakarar deltok på scenelys-kurset og åtte på dans. Vegard Holthe Owe (12) frå Sandeid var blant deltakarane som kursa seg i scenelysteknikk.
— Det er kjekt å læra nye ting. Eg har vore med fleire år på teater, og eg har sett litt på lys der, men eg har aldri prøvd sjølv. Eg ante ikkje at det var så avansert, fortel 12-åringen.
Under workshopen på kulturhuset i Ølen har han lært at han må ta utgangspunkt i takten i musikken, når han skal laga lysshow.