Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Norske lover og reglar som innskrenkar moglegheita til å røykje, har vore vellykka. Ytterlegare tiltak vil kunne opplevast som tap av velferd og handlingsfridom, og umyndiggjering for dei som framleis ønskjer å røykje. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Norske lover og reglar som innskrenkar moglegheita til å røykje, har vore vellykka. Ytterlegare tiltak vil kunne opplevast som tap av velferd og handlingsfridom, og umyndiggjering for dei som framleis ønskjer å røykje.

Laber slutteinteresse hos attverande røykjarar

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: – Resultata frå undersøkinga vår viser at det kanskje er på tide å betre leggje til rette for ein overgang frå livsfarlege tobakksprodukt til mindre skadelege produkt, som e-sigarettar og snus, seier tobakksforskar Karl Erik Lund ved Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

Han er ein av forfattarane bak ein artikkel om slutteinteressa blant attverande røykjarar. Den er mellom anna basert på ei ny undersøking blant vel 800 røykjarar, med fire indikatorar for slutteinteresse: Ønske om å slutte, tru på at ein kan bli røykfri, faktiske planar om ein gong å slutte og tidlegare forsøk på røykjeslutt.

Dette gir ein samla indeks som viser at 31 prosent av røykjarane i undersøkinga viste høg eller svært høg interesse for å slutte å røykje, medan nesten halvparten, 49 prosent, viste låg eller inga interesse av å stumpe røyken. Dei resterande 20 prosentane viste middels interesse. Av desse er mange ambivalent og vippar mellom å ha lyst til både å slutte – og å halde fram.

I tala Helsedirektoratet og Kreftforeningen opererer med, blir det oppgitte å vere mellom 60 og 70 prosent som ønskjer å slutte, men desse tala inkluderer røykjarar som er ambivalente og usikre.

Fleire fordeler enn ulemper

Ifølgje den nye undersøkinga har kvar fjerde røykjar aldri prøvd å slutte, trass alle tiltak og informasjon om helserisikoane det inneber å halde fram. 80 prosent av daglegrøykjarane har prøvd å slutte å røykje før, og berre 46 prosent av dei ser for seg ei heilt røykfri framtid.

Ifølgje Lund handlar røykjevanar mykje om identitet, det å vere sosial, og ha gledesfylte opplevingar, ikkje berre nikotinavhengnad. At du røykjer, kva du røykjer, korleis du røykjer og kven du vel å røykje saman med, blir brukt for å kommunisere kven du er. Det er ikkje så lett å gi slepp på.

Då hjelper det ikkje med eit nikotinplaster eller ein tyggis som dekkjer ein fysisk avhengnad. Det må ei betre erstatning til.

– Eg har i mange år sett på alternativ som å byte til mindre farlege produkt, som snus og e-sigarettar. Eg finn at fordelane ved å leggje til rette for ein overgang til noko som er mindre helseskadeleg, er langt fleire enn ulempene. Men her er det mange kjensler og meiningar, seier Lund.

Helserisiko ved e-sigarettar, som passiv innanding av nikotin, er dokumenterte av FHI og eitt av argumenta mot tilrettelegging. Norske styresmakter og Kreftforeningen er òg spesielt opptekne av signaleffekten overfor barn og unge om ein opnar opp for e-sigarettar og snus.

Motstridande

Helseminister Bent Høie (H) fekk støtte frå Kreftforeningen då han tidlegare i sommar tok til orde for å heve aldersgrensa på e-sigarettar til 25 år og å utvide røykjeforbodet til å gjelde i bilar der barn er passasjer, på utandørs leikeplassar, haldeplassar og idrettsområde. Det vart òg foreslått å forby smakstilsetningar i e-sigarettar, fordi det kan bidra til at unge prøver e-sigarettar. Her er likevel forskinga sprikjande.

– Ingenting tyder på ein oppgang i bruk av e-sigarettar blant ungdom i Noreg. Og det å skulle tillate sigarettar med tobakk og nikotin i sju år før ein skal få bruke eit mykje mindre skadeleg produkt, gir lita meining, seier Lund.

Kreftregisteret har slått fast at røykjeslutt er beste måte å bremse talet på lungekreftpasientar på dei neste åra, og Kreftforeningen ønskjer at fleire får tilbod om røykjeslutt.

Røykjesluttpiloten i Vestre Viken HF har vist at berre tilbodet/programmet er bra nok, melder røykjarane seg på. Her får deltakarane vel å merke dekt utgiftene til legemiddel for røykjeslutt.

Lund påpeikar at det allereie finst mange kurstilbod til røykjarar som ønskjer å slutte, men utan gratis legemiddel blir dei lite nytta.

– Politikken siktar seg mot eit tobakksfritt samfunn, også utan rekreasjonsbruk av nikotinprodukt. Det ville kanskje vore det beste, men eg trur aldri vi kjem dit. Nikotin har for mange positive effektar for dei brukarane som er att, som at det er oppkvikkande og stimulerande. Det er meir realistisk med skadereduksjon, seier Lund.

(NPK)

Powered by Labrador CMS